Buskerud fylkeskommune
Postadresse: Postboks 3563, 3007 Drammen
Besøksadresse: Haugesgate 89, 3020 Drammen
Telefon: 32 80 86 79 • Nettsted: www.dks-buskerud.no
Glimt frå fortida 2017-18
Produksjonsliste
Program

Glimt frå fortida 2017-18

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Lærerveiledning

Glimt frå fortida

BOKA:

I boka Glimt blir lesaren kjent med to ungdommar. Jon og Solveig. Begge bur på den vesle øya Grovøy, langt ute i havgapet, og begge kjenner seg litt utanfor. Jon fordi han stammar fælt, og har vanskeleg med å få kontakt med andre, spesielt sidan han akkurat har flytta til øya. Solveig fordi ho blir tvungen til vere tenestejente hos den tyske kommandanten under andre verdskrigen, og derfor mister ho gradvis kontakten med vennenne sine. Jon og Solveig har ein del ting til felles, men dei er skilde frå kvarandre med ein heil generasjon. Dei veks opp i heilt ulike tidsaldrar, men er likevel knytte til kvarandre på mystisk vis. 

Glimt er først og fremst ein spennande grøssar, for alt er ikkje slik det skal vere på Grovøy, verken no eller under krigen. Det gamle ungdomhuset der Jon etter kvart blir kjent med dei framtidige klassekameratane sine skjuler noko. Ting hender om natta, uforklarlege ting, og ungdommane våger ikkje vere der lenger enn nødvendig.

Og kva er eigentleg dette glimtet?

BESØKET:

I dette opplegget tar forfattaren for seg historia bak boka. Både litt om krigshistorien langs norskekysten, men òg ein del om korleis dei historiske fakta blir brukt først og fremst til inspirasjon, og ikkje som ein fasit til korleis ein skal skrive ei bok. Forfattaren vil snakke litt om korleis ein fiende som Tyskland ikkje berre var ein gjeng med blodtørstige nazidjevlar, men at det alltid er ei menneskeleg side ved dei verste krigsforbrytarar. Noko som ein kan trekke parallellar til i dagens samfunn. Skal ein bekjempe ein fiende, må ein kjenne, og forstå ein fiende. Ein treng ikkje sympatisere, men prøve å sjå saka frå den andre sida. Var alle tyskarane som okkuperte Noreg psykopatiske mordarar? Dette var viktige spørsmål som dukka opp under skrivinga av Solveig si historie i Glimt.

Boka tar òg for seg korleis jenter som sympatiserte med tyskarane blei behandla etter krigen, og kor vanskeleg det er for Solveig å vite kva som er rett og gale. Desse kjenslene finn vi òg igjen i Jon si historie. Men dersom du ikkje har lese boka, kan det ikkje røpast for mykje.

Sjølve opplegget vil bestå av opplesing og forteljing om bakgrunnen for boka. Forfattaren nyttar bilete og film for å illustrere.

NB! I Drammen har utøvar eit stramt program, så det er viktig at han får starta på det tidspunktet som står. Elevane må med andre ord vere på plass presis. 

For at besøket skal fungere som lesestimulering bør bøkene være tilgjengelig i forkant og etterkant.  Undersøk gjerne om Skoleboksentralen ved Buskerud fylkesbibliotek har klassesett å låne bort: skolebok@bfk.no

Læreplanmål

LITTERATUR OG KUNNSKAPSLØFTET:

NORSK: *lese et bredt utvalg norske og oversatte tekster i ulike sjangere på bokmål og nynorsk, og reflektere over innhold og form i teksten ; *sammenligne språk og språkbruk i tekster på bokmål og nynorsk ; *vurdere tekster med utgangspunkt i egne opplevelser og med forståelse for språk og innhold



Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Buskerud fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Tor Arve Røssland
  • Idé/opplegg: Tor Arve Røssland

Om kunstner / utøver / gruppe

FORFATTAREN:

Tor Arve Røssland er ein erfaren forfattar og formidlar frå Husnes i Sunnhordland. Han har turnèrt innanfor skulesekken i fleire år, og er kanskje mest kjent for serien Svarte-Mathilda. Bøkene hans er skumle. Han har vore nominert til Uprisen heile fire gonger. Kanskje han vinner ein dag.

De kan høyre eit intervju med forfattaren på Arne Svingens Barnebokpodcast (episode 14):

https://arnesvingen.wordpress.com/podcast/


Medvirkende

  • Tor Arve Røssland
  • Tor Arve Røssland (Forfattar)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Glimt.jpg
Foto: Samlaget
Tor Arve Røssland 2012.ashx.jpg

Video/Lyd

Litteratur
Trinn: 6 - 6
LITTERATUR OG KUNNSKAPSLØFTET: NORSK: *lese et bredt utvalg norske og oversatte tekster i ulike sjangere på bokmål og nynorsk, og reflektere over innhold og form i teksten ; *sammenligne språk og språkbruk i tekster på bokmål og nynorsk ; *vurdere tekster med utgangspunkt i egne opplevelser og med forståelse for språk og innhold


Praktisk informasjon
Programlengde
55 minutt
Maks publikumsantall
100
Arena / rom
Klasserom, auditorium
Annet utstyr
Treng lerret/smartboard og prosjektor.
Utøvar har med eigen pc.
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
5 min.
Rom/areal, bredde, lengde, takhøyde, veggareal
Ønsker ikkje å ha framsyninga i aulaer, kantiner eller opne klasserom. Må ha eit rom som er utan gjennomgangstrafikk og støy frå utsida.
Må blendes
Ja
Tekst til ukeplan
Denne veka kjem forfattar Tor Arve Røssland på besøk med opplegget "Glimt frå fortida". Røssland skriver skumle bøker, og vil vise bilete og film, i tillegg til å lese og fortelje frå boka "Glimt".

Arrangører
Arrangert av:
Buskerud fylkeskommune
Medvirkende
  • Tor Arve Røssland (Forfattar)