Buskerud fylkeskommune
Postadresse: Postboks 3563, 3007 Drammen
Besøksadresse: Haugesgate 89, 3020 Drammen
Telefon: 32 80 86 79 • Nettsted: www.dks-buskerud.no
Kontaktperson:
Katta i sekken: Lurivar og det hemmelege skrinet 2...
Produksjonsliste
Program

Katta i sekken: Lurivar og det hemmelege skrinet 2017-18

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Lærerveiledning

Katta i sekken: Lurivar og det hemmelege skrinet

Lurivar og det hemmelege skrinet er eit musikkteater for barn på småskuletrunnet. I framsyninga møter ein tunkatten Lurivar og ein kunstmålar som elskar illustrasjonane i biletbøkene han har med seg.

I tillegg har målaren med seg eit skrin som han passar godt på. Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane, men han er veldig nysgjerrig på kva som er oppi skrinet til kunstmålaren. Saman presenterer dei nynorske biletbøker for borna og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. Dette er ei leiken framsyning der ein leikar seg med ord og bilete som finnest i bøkene frå før, men dei vil også leike seg med nye ord og kunstverk som dei lagar saman med barna under framsyninga.

Forfattar Lars Mæhle har skrive manus til framsyninga og Beate Lech har komponert musikken.

FORSLAG TIL FOR- OG ETTERARBEID:

Tunkatten Lurivar har ein eigen nettstad www.tunkatten.no med mellom anna ei songbok som er mykje brukt av lærarar i skulen. I songboka finn ein tekstar og notar til mange nynorske barnesongar i tillegg til musikk og komp for avspeling/nedlasting. Der finn ein også forteljingar, boktips og oppgåver som elevane kan arbeide med i forkant og etterkant av besøket. Vi oppmodar lærarane til å øve på ein av songane i framsyninga på førehand, så klassa kan vere med og synge.

Læreplanmål

LITTERATUR OG KUNNSKAPSLØFTET:

Besøket kan knyttast opp til desse kompetansemåla i Kunnskapsløftet:

NORSK:

*lese tekster av ulike typer på nynorsk med sammenheng og forståelse ; *samtale om innhold og form i sammensatte tekster ; *lage tekster som kombinerer ord, lyd og bilde, med og uten digitale verktøy ; *gi uttrykk for egnet tanker og opplevelser om barnelitteratur, teater (...) ; *samtale om sanger, regler, dikt, fortellinger, eventyr fra fortid og nåtid på nynorsk.

MUSIKK:

*gjøre rede for egne musikkopplevelser, om ulik bruk av musikk og ulike funksjoner musikk kan ha.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Buskerud fylkeskommune
  • Produsent: Buskerud fylkesbibliotek
  • Idé/opplegg: Nynorsk kultursentrum. Produksjonen er utvikla med midlar frå Norsk forfattersentrum/Litteraturbruket

Om kunstner / utøver / gruppe

Som Tunkatten og Lurivar medverkar:

Lykke Kristine Moen er skodespelar og regissør, og har blant anna erfaring frå Nye Fyllingsdalen Teater og Den Nationale Scene i Bergen. Ho har også ei av hovudrollene i TV-serien Aber Bergen.

Geir Vegar Hoel er skodespelar, regissør og biletkunstnar, kjend frå mellom anna filmane Mongoland, United, Umeå4ever og Monstertorsdag.

Komponist og manusforfattar (ikkje med på framsyninga):

Beate Slettevoll Lech er  norsk jazzvokalist, kjend frå ei rekkje utgjevingar og som leiar av det anerkjende orkesteret Beady Belle som ho etablerte i 1999 og skriv alle tekstar til. Beady Belle er også hennar eige artistnavn.

Forfattar Lars Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia. Filmen Keeper’n til Liverpool er basert på denne boka. Mæhle har etter det skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom. Gjennombrotet kom med Landet under isen, som mottok fleire prisar.


Medvirkende

  • Lykke Kristine Moen (Skodespelar)
  • Geir Vegar Hoel (Skodespelar )

Multimedia og vedlegg

Bilder

Lurivar og det hemmelege skrinet 1.jpg
Lurivar og det hemmelege skrinet 2.jpg
Lurivar og det hemmelege skrinet 3.jpg
Litteratur
Trinn: 3 - 3
LITTERATUR OG KUNNSKAPSLØFTET:
Besøket kan knyttast opp til desse kompetansemåla i Kunnskapsløftet:
NORSK:
*lese tekster av ulike typer på nynorsk med sammenheng og forståelse ; *samtale om innhold og form i sammensatte tekster ; *lage tekster som kombinerer ord, lyd og bilde, med og uten digitale verktøy ; *gi uttrykk for egnet tanker og opplevelser om barnelitteratur, teater (...) ; *samtale om sanger, regler, dikt, fortellinger, eventyr fra fortid og nåtid på nynorsk.
MUSIKK:
*gjøre rede for egne musikkopplevelser, om ulik bruk av musikk og ulike funksjoner musikk kan ha.
Praktisk informasjon
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantall
60
Arena / rom
Klasserom/samlingssal/aula
Bærehjelp
1-2
Lydutstyr
Utøvar har med cd-spelar
Oppriggingstid
15 min.
Nedriggingstid
15 min.
Scene
Minst 4x5 meter speleflate
Tekst til ukeplan
Denne veka kjem skodespelarane Geir Vegar Hoel og Lykke Kristine Moen på besøk med "Lurivar og det hemmelege skrinet". I framsyninga møter ein tunkatten Lurivar og ein kunstmålar som elskar illustrasjonane i biletbøkene han har med seg.
Lenker
Arrangører
Arrangert av:
Buskerud fylkeskommune
Produsent:
Buskerud fylkesbibliotek
Medvirkende
  • Lykke Kristine Moen (Skodespelar)
  • Geir Vegar Hoel (Skodespelar )