Tilbake
Lars Opstad/Kulturtanken
Lars Opstad/Kulturtanken
Lars Opstad/Kulturtanken
Kulturtanken

Aleine med tankane - 5-7.trinn

ALEINE MED TANKANE har berre éin utøvar – nemleg cellisten Frida Frederikke Waaler Wærvågen. Frida synest det er fint å sitja heilt, heilt aleine og spela for eit publikum. Ho kjem til å førebu seg veldig mykje, for ho veit at borna er flinke til å lytta medan ho speler. 

«Eg likar å prøva å sjå tankane til borna medan eg speler», seier Frida. Cellisten Frida trur at det er mogleg for publikum å kjenna att eit breitt kjensleregister, sjølv om samtalen er utan ord, og utan medspelarar - forutan dykk, elevane Frida møter.

Etter konserten blir Frida igjen ei lita stund for å høyra kva elevane tenkjer om konserten, og om det dei har sett og høyrt.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Buskerud fylkeskommune
  • Idé/opplegg: Utøvaren og produsent i Rikskonsertane/Kulturtanken, Hallgeir Frydenlund.

Om kunstner / utøver / gruppe

Frida Fredrikke Waaler Wærvågen, cellist, starta å spela som 5-åring ved Horten kulturskule. Ho blei tatt opp som elev ved Barratt Due Musikkinstitutt i 1998, og hadde undervisning der i seks år med cellisten Åge Kvalbein. Ho fullførte sin bachelor på Noregs musikkhøgskule våren 2011 med professor Truls Mørk. Ho har studert med professor Frans Helmersson, og våren 2014 fullførte ho mastergradsutdanning etter to år ved Edsberg Slott, Kungliga Musikhögskolan i Stockhom. Ho har vunne ei rekkje prisar og stipend, både nasjonalt og internasjonalt. Ho har vore solist med ei rekkje orkester i inn- og utland. Frida har arbeidd som solocellist i Det Kungliga Hovkapellet, Kungliga Operans orkester i Stockholm. Ho er også cellist i det norske kammerorkesteret Ensemble Allegria (www.ensembleallegria.com). Celloen ho speler på er laga av Nicolas Lupot i 1823, og han er lånt ut av instrumentsamlinga Dextra Musica i Norge.

Publikumskommentarer