Tilbake
Samlaget
Samlaget
Tove K. Breistein

Galderstjerna 2018-19

Lærerveiledning

Galderstjerna

BØKENE:

Galderstjerna - Vegandi 1:

Etter at Eirik og mora held på å køyre på ein sølvrev på veg heim til det nye huset sitt, står merkelege hendingar i kø: Ein framand mann slår Eirik i svime, og han vaknar opp med eit mystisk runesymbol på brystet. Korleis har dette skjedd, og kvifor finn Eirik det same symbolet i dataspelet han og kompisen Khalid speler?

I denne første boka blir Eirik kasta ut i ei verd som er mykje større, farlegare og meir forvirrande enn han aner, og han blir sett på harde prøvar både i si eiga verd og parallellverda dataspelet fører han inn i.

Sagt om Galderstjerna:

Rydland gir gameren et litterært ansikt og en viktig rolle. Å overføre en dataspill-elskende ungdom til rollen som en slags Ragnaroks voktere, er et premiss mange unge lesere vil forstå. Det skriver seg fra deres verden og utover i noe større. Det finnes mye mellom himmel og jord. Og det er akkurat der slaget skal stå.
Karen Frøsland Nystøyl, Vårt Land

Galderstjerna vann Uprisen i 2017.

Draumsende - Vegandi 2:

Mystiske og brutale draumar kjem til Eirik samtidig som han reiser djupare inn i Ingenmannsland. Kva betyr desse draumane? Saman med vennene Khalid og Maria må Eirik stole på sine eigne evner for å finna ut av det. Kampen mot anzilane er i ferd med å ta ei farleg vending, men kva skal til for at vegandi skal ta åtvaringane hans på alvor før det er for seint?


Vegandi-serien er eit medrivande univers med gudar, magi, dataspel og parallelle dimensjonar.

BESØKET:

Asbjørn Rydland vil fortelje om dei ulike universa som historia om Eirik foregår i, og lese høgt frå Galderstjerna. Han vil også komme inn på inspirasjonen frå data- og rollespel, og korleis han går fram når han skrive Vegandi-serien.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Buskerud fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Asbjørn Rydland
  • Idé/opplegg: Asbjørn Rydland i samarbeid med DKS Buskerud.

Om kunstner / utøver / gruppe

FORFATTAREN:

Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han har tidlegare skrive serien Drakeguten, og vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien i 2012. Første boka i Vegandi-serien, Galderstjerna, vann Uprisen i 2017. På fritida driver han blant anna med rollespel.

Publikumskommentarer